It is ALL in the mind!

streamingbillett fra "kortid visst ikkje no" + GRATIS kurs i vågemot og i å bygge et godt selvbilde!

10% av overskuddet  går til: Sykehusklovnene

 

LÆR METODEN

MED KONSERTFORESTILLING + OPPTAK + KURS 

Bli med når inspirasjonsartist og coach Linda Fosse tar deg med på ei kraftfull, musikalsk reisa i korleis våga meir og få eit solid sjølvbilete!

«FØLG DRAUMEN!
KORTID, VISST IKKJE NO?»

Konsertforestillinga om korleis vinna kampen mot begrensande tankar og mindreverdighetskompleks.

Showet som grev ned "Jantelova" ein gong for alle og som stilnar vår eiga “Jantestemma” som seier:

”Kven trur du at du er?"
"Du er ikkje god nok!"
"Kva vil ikkje andre seia?"

Få metoden for å gjera ei endring og nå mål.

Eit show, av og med Linda Fosse, med kor, orkester, dansarar og gjestar som Lothepus m.fl.


Alt skapt for å visa korleis du kan
• våga meir
• setja meir pris på den du er
• og realisera ein draum 

-sjølv om åra har gått.

Lothepus, Cecilia, Dag Lindebjerg m.fl.

Heile Noregs Lothepus kjem!

Kva han skal bidra med vil vi ikkje røpa her, men du vert gjerne overraska.
Verdsstjerna og songaren CECILIA frå Harstad, som fekk sjølveste Pavarotti si anbefaling og fekk difor same sangpedagog som Celine Dion og Whitney Huston og som no er på veg til Beverly Hills i Los Angeles med sitt eige show, kjem!

NRK-veteran og svømmetrenar Dag Lindebjerg kjem saman med sambuer og svømmar Elin Knag. Saman nådde dei målet; at ho vart verdsmeistar i svømming for kvinner over 60 år!

Dyktige Ingrid-Merethe Berget, grunnleggjar av "Sov godt Podcast" for born og vaksne, kjem.

Fantastiske gjestar, som kvar på sin måte har våga. Alle kjem for å gje deg inspirasjon til sjølv å våga meir.
Med kor, dansara, fullt orkester.

Ariel Andresen, Noregsmeistar i Tissue Silk, kjem og.

Ho er til å mista pusten av!
Her snakkar vi vågemot!
 

Linda er kjent for si varme, klåre røyst, tydelege formidlingsevne og ei sceniske utstråling som kan bevega, løfta og inspirera deg.

Vi kan lova deg ei unik konsertforestilling som engasjerar!

Alle som kjøper billett, får med eit kurs av og med Linda Fosse i vågemot og sjølvfølelse.


Her går Linda i dybden på alt du får servert i den unike konsertforestilling i Grieghallen.

Du vil verkeleg få læra korleis du endeleg kan våga meir og kan sleppa å ha "jantelova" med deg vidare i livet.

Du lærer korleis du verkeleg kan setja pris på deg sjølv heretter 
-og korleis du kan læra andre til å gjere det same.

Du får metoden for å lukkast.
Metoden for eit godt sjølvilete.
Rett og slett, METODEN for eit betre liv.

Kurset vert holdt første helga i september, via nettet.
Ingen fare om du ikkje kan sjå det direkte. Dette får du også opptak av, med tilgong resten av livet.

 

UNIK TILBOD!!!

Konsertforestilling inkl. opptak og kurs m/opptak KUN kr. 595,- FOR ALT ! ! !
(Ord. pris berre for kurset: kr. 3995,-)

TILBODE GJELD BÅDE FOR STREAMINGBILLETTAR OG BILLETTAR KJØPT TIL GRIEGHALLEN

MEDVERKANDE
ARTIST,
tekstforfattar og komponist: Linda Fosse

REGI: Agnete Haaland
KOREOGRAFI: Ane Smørås
ORKESTERLEIAR: Frode Skag Storheim

GJESTAR:
Lothepus
Cecilia
Elin Knag og Dag Lindebjerg
Ingrid-Merethe Berget

MUSIKARAR 
Frode Skag Storheim - Piano. 
Morten Færestrand - Gitar
Peter Sæverud - Bass
Stian Villanger - Trommer

Dansara m.a. frå Catchy Crew
Tissue-artist Ariel Andresen
Prosjektkor under leiing av Elin Hestenes

DELAR AV OVERSKUDDET GÅR TIL SJUKEHUSKLOVNANE SITT FANTASTISKE ARBEID FOR BORN PÅ SJUKEHUS

MEIR OM LINDA FOSSE

Feirar i år 30 år som artist og 15 år som coach!

Med ein lidenskap for å underholda og inspirera folk til å vågar meir og realiserer seg sjølv og det dei drøymer om har ho no leige heile Grieghallen for å gjera nettopp dette.

HØGDEPUNKT I KARRIERA:
Mottok i år 2000 den aller første Medaasprisen for arbeidet sitt med lyrikken etter Aslaug Låstad Lygre og gav i 2005 ut plata «Eit eventyr» der ho tonesette dikta hennar.

I 2007 drog ho i gong, og hadde eine hovudrolla i, musikalen «Which Witch» på Håkonshaugen i Nordhordland, utanfor Bergen.

Arrangerte i 2010 og 2012 poesifestivalen «Sumarnatta på Lygra» der ho m.a. hadde konsert med Herborg Kråkevik.

2010 Gjestespill på Det Norske Teatret i Oslo med framsyninga «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» Regi: Agnethe Haaland

2014 - premiere på Den Nationale Scene med showet «Kortid, visst ikkje no? - Skal ein våga å følgja ein draum?». Seinare spela på Ole Bull Teater i 2015 samt turné.

Utdanna coach ved Ringominstituttet (2008)
og Proctor Gallagher Institute, USA (2021-22) 

Ynskjer inspirera deg som kjenner du vil noko meir i livet!

"Dette er mitt største vågestykke som artist og coach for å inspirera deg og samstundes hjelpa andre."

                                                                                        Linda Fosse